fredag, februar 05, 2010

Kosedag for Mor og Datter

I dag har vi vore på vift på Moa.
Hadde nokre ærend og på ein Fredag og Fri,
var det kjekt å finne på noko artig.
Det vart litt shopping til Prinsessa, bursdagsgåver,
middag på kafè og nokre andre småting.

Dongrikjole, bluse\topp, smikke, klemme,
diadem og eit tørkle


Brun Tunika frå Bakkebua Ti-mo

Englevinger frå Kremmerhuset


Nydelege Tulipaner

onsdag, februar 03, 2010

VINTER

I dag har det vore Nydeleg Vèr.
Eg og Lisja har vore på tur med akebrett.
Etter ei lita stund var det tid for ei lita pause,
Då sola vi oss og koste oss med Mariekjeks.
Ein Flott dag!
Takk Gud for det Flotte Skaparverket!




tirsdag, februar 02, 2010

KakeBaking

I går hadde eg Bibelgruppe,
mange damer som kom  :)
Det var ei koseleg stund.
Da Mamma høyrde at eg skulle ha
damer på besøk sa ho:
"Då må no du smelle i hop ei Kake!"
Å lydig som eg er;
KAKE vart det!



Ei Nydeleg God Kake og Kjapp og lage :)

Oppskrift

3 Eggekviter
200 gr sukker
100 g walnøtter
30 Ritzkjeks

Stekes på 150 grader i 35 min

Fyll
Krem
Vaniliekrem
Hermetisk Frukt


søndag, januar 31, 2010

Flotte Strikkeoppskrifter :)

Fekk eit Tips frå Forgjengelige Ting
om Gratis strikkeoppskrifter på nett.
TUSEN TAKK :)
Kjempe masse fint!
Her er noko av det eg likte!
..


fredag, januar 29, 2010

HusmorSysslar!

I dag stod vi opp leeenge før Sola stod opp..
Baking stod på programmet.
Vart Gode Rundstykker, men vart ikkje heilt fornøgd,
skal prøve ein annan versjon neste veke trur eg :)
.

Eg er på jakt etter handarbeid!
Strikk med andre ord!
(Hekling og brodering overlet eg til dei meir kyndige)
Ein dag var eg og fekk tak i nokre idèar,
har litt lyst å strikke denl ysegrå genser\kjolen til meg sjølv,
men so har eg òg lyst å stikke til LilleGullet.
Eg får tygge litt på det.
Vertfall mykje fint å velge i..

Ha ei Flott Helg :)
..

.
.
.
(Bilder frå Sandnes Garn)

torsdag, januar 28, 2010



Økologisk Shopping

I dag har eg og Anna vore ute i sludd og snøvbyge.
Trengde å lufte hovudet litt, så då vart det ein liten tur innom
ein liten koseleg butikk som ganske nyleg har åpna.
Svanhaug Urtegård!
Der var mykje spennande,
Blant Anna:

Heimelaga brød
Ulike typar Urter
Diverse Mjøltypar
Såper
Sjokolade
Kornprodukt
Te
+++

På veg til Butikken bestemte eg meg for
at i morgon skal eg sette meg ei deig,
Rondstykker!
Fekk kjøpt Gresskarkjærner, Quinoa(liknande sesamfør),
Brødkrydder og ein spennande Sjokolade!
Gler meg til i morgon for å sjå korleis Baksten vert.

*Ha ein Flott Kveld*










"Shop Green"

mandag, januar 25, 2010

Hei å Hå!!

I dag har eg vert på trening!
Har meldt meg inn påTreningsenteret på øya.
Har tenkt på det ei stund, men det har berre blitt med tanken.
I dag tok eg steget!! :)
Vart ganske so svett i trøya.
Ei God stond sidan sist, so ikkje akkurat kondis på Topp,
men kanskje det vert litt betre om ei stond!?! :)
Spennende!
Eg ønsker meg sjølv:
Lykke Til :)



aktivtrening.no


..


lørdag, januar 23, 2010

Litt forandringer i Heimen..

I løpet av helga har det skjedd litt forandringer her
i heimen med oss.
Torsdag var Frua på Salg på Kid,
= NYE STUEGARDINER!
I dag har vi fått nytt Datarom og som
også skal bli TV-Rom etter kvart.
Fornøgde med Resultatet.
Nytt soverom skal det bli på oss etter kvart,
men må ta litt om gangen :)

Ha ei Flott Helg..








søndag, januar 17, 2010

Søndag

I dag har vi hatt ein Nydeleg Søndagsmiddag
som vart laga av min kjære mann.
BACCALAO!
Den Beste baccalaoen eg har smakt,
kjekt å ha ein Flenk Mann :)
Ikkje nok med at han laga middagen,
men han har òg Fiska fisken..
Nåkre gjesta måtte til med dugnaden på
å ete opp den Store panna.
Eg må sei vi var ganske så flenke :) Hehe
Vi greide å ete nesten alt,
berre litt igjen som Frua kan ete i morgon.
Husbonden skal nemleg på kurs
så på han vert det ikkje nokon middag.

No er det leggetid,
for i morgen er det Jobb!
*God Natt*
.


Bilde fra visitnorway.com

lørdag, januar 16, 2010

BARNESELSKAP

I dag har vi vore i Barneselskap,
KJEMPE KJEKT :)
Mange barn med sine mødre.
2 Års dagen vart feira med
Pølse m/brød, gelè, brownies, marsipankake
og mykje anna God Mat.
Litt rart at tida er komen for å
feire Barna i venneflokken :)
Må vel snart kalle oss Voksne og Etablerte!
Takk for ein Super dag :)

.




Happy Birthday!

fredag, januar 15, 2010

Kosedag i Byn!

I dag har familien på 3 hatt ein kjempe kjekk Bydag ;)
Jammen var vi litt effektive òg, og fleire Kupp vart kjøpt og betalt.
Det heile starta med 2 stk Lenestoler på SALG på Skeidar.
Dei er bestillt, og kjem om 4-6 veker :)
Husbonden gler seg like mykje som sin Frue :)
Stol til Avislesing! Hihi :)
Neste ærend var Kjole!
Annonse: Salg på Svarstad!
Husbonden trilla vogn så den lille fekk sove,
medan Frua stod med eit lass med selskapkjoler
i ALLE regnbuens farger til Prøving!
YES!!
Kjole vart det :)
2 Bryllaup stend for tur i mai og juni og no er kjolen er i boks.
Kjolen var i grov silke, korallfarget, til knea, tynne stropper
og hadde eit band som vart knytt rundt livet i ei sløyfe.
Ganske lik den svarte under, men altså fargen på kjolen nederst :)

Ha Ei Flott Helg :)






Bilder frå skeidar og frå google.no (korallfarget kjole med tyll)

tirsdag, januar 12, 2010

Bildereferat frå Jula og Nyttåret

Har vore lite flink til å Blogge den siste tida.
Her kjem nåkre bilder som oppsummerer den
Flotte tida som har vert.
Har vore ei Flott Jul og Ein Fin start på eit Nytt år!
Vi starta med Barneselskap, Julebord på Herr og Fru U,
Nydeleg Vinter, Julegaver og Raketter..


Julekjøkkenet i Hjorteråsa


1 års Feiring



Sommerfuglkake til 1 års Feiringa


Herr og Fru  på Julebord


Juletreet på Julaftan


Tante og Lilletuppa


Tante i Farta


Godt Nyttår!

4. Søndag i Advent
.


søndag, desember 13, 2009

3. Søndag i Advent

I dag har det vore ein roleg Søndag.
Den lille har vore sjuk denne veka, men er endeleg
tilbake i Fin form :)
Jula nærmar seg og i Huset sprett det opp litt meir
 Julepynt for kvar dag som går :)
Julegåvene er nesten i boks,
men Vask og siste del av pynting
er på Timeplan for denne veka.
Barneselskap stend for tur på Fredag,
1 ÅRS DAG :)

Ha ei Flott veke som Kjem :)



2.Søndag i Advent



tirsdag, desember 01, 2009

1.Søndag i Advent

Ein flott søndag.
Eit lys er tennt.
Middagsgjester
Nydeleg Middag
..